Kvinner til topps i næringa?

Dei finnast, men det er fortsatt ikkje mange kvinner i leiinga av bedrifter i sjømatnæringa. Er næringa fortsatt ein mannsbastion, der familieeigde selskap ikkje slepp kompetente kvinner til? Eller ser vi ei endring der fleire kvinner er på veg inn i fleire posisjonar i næringa?

Oceana inviterer til eit uformelt møte med ei av dei som har klatra heilt til topps; Inger-Marie Sperre. Inger-Marie er dagleg leiar i konsernet Brødrene Sperre, ei av dei største fiskeindustribedriftene i landet. Ho er også visepresident i NHO, styreleiar i Sjømat Norge, og har i tillegg til ei rekke andre styreverv. 

Inger- Marie Sperre vil fortelje oss om korleis vegen fram dit har vore, kva det har kosta og kva det gir. 

Vi ser fram til ein spennande og inspirerande kveld. 

Påmelding: